Global Game Jam er ein nullprofittsorganisasjon som kvart år arrangerer ei globalt spelutviklingshending. Konseptet er at den globale arrangøren kjem med eit tema i forkant av hendinga, og så er oppgåva til deltakarane å lage eit spel innanfor dette temaet i løpet av 48 timar.
For første gong har vi ved HVL på Campus Førde gleda av å invitere som vertsinstitusjon for Global Game Jam. Her skal vi samlast ein helg (26.-28. januar), og lage spel saman! Anten du er interessert i å lage dataspel, brettspel, kortspel, likar å programmere, teikne eller eigentleg kva som helst som er relatert til spelutvikling, er du hjarteleg velkomen!