Fyll ut skjemaet via knappen under for å melde deg på.
Meld deg på!Global Game Jam er ein nullprofittsorganisasjon som kvart år arrangerer ei globalt spelutviklingshending. Konseptet er at den globale arrangøren kjem med eit tema i forkant av hendinga, og så er oppgåva til deltakarane å lage eit spel innanfor dette temaet i løpet av 48 timar.
For andre gong har vi ved HVL på Campus Førde gleda av å invitere som vertsinstitusjon for Global Game Jam. Her skal vi samlast ein helg (24.-26. januar), og lage spel saman! Anten du er interessert i å lage dataspel, brettspel, kortspel, likar å programmere, teikne eller eigentleg kva som helst som er relatert til spelutvikling, er du hjarteleg velkomen! Fleire detaljar finn du her:
Les meir Inhouse game(Programmet er ikkje endeleg.)
                            Fredag 24. Januar | 
                    14:00: | Registrering | 
| 15:00: | Miniworkshop i Godot? PyGame? | 
| 16:00: | Åpning og praktisk informasjon | 
| 16:50: | Sightseeing | 
| 17:00: | Global Game Jam tema kunngjering | 
| 17:10: | Idedugnad | 
| 18:00: | Mat - Pizza | 
| 19:00: | Spelutvikling startar | 
                            Laurdag 25. Januar | 
                    |
| 08:30: | Frukost | 
| 09:30: | Morgenstrekk | 
| 13:00: | Lunsj - Graut | 
| 14:00: | Samling - Korleis presentere spela | 
| 15:00: | Turnering i Mario Kart | 
| 18:00: | Mat - Sushi | 
                            Søndag 26. Januar | 
                    |
| 08:30: | Frukost | 
| 09:30: | Morgenstrekk | 
| 11:00: | Vaflar | 
| 14:00: | Mat - Indisk | 
| 15:00: | Frist for å sende inn spel | 
| 15:30: | Framsyning av spela | 
| 17:30: | Utdeling av premiar | 
Vi er tilgjengelig på ggjhvlforde@gmail.com